11 nye kommunar i gang med planar i Framsikt

23

Februar, 2021

 

 

Skrevet av Anne Sigrid Hundere

I løpet av årets første månad kjøpte elleve nye kommunar modulen Kommunale planar. Dermed låg forholda godt til rette for å gi ei felles, digital opplæring i bruk av modulen i februar. 

– Vi opplever at den felles digitale opplæringa har fungert veldig bra. Det var enkelt å stille spørsmål fortløpande i chatten, seier Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune. Allereie i mars startar etter planen eit nytt innføringsløp for nye kommunar.

Volda er også ein av dei elleve kommunane som i februar har fått opplæring i modulen. Dei er no godt i gang med å opprette ulike plan-malar.

– Opplæringa har vore god og vi har fått sett korleis ein gjer det i praksis. Samstundes er det også veldig fint at opplæringa blir tatt opp, slik at vi kan sjå det igjen seinare når vi arbeider med ulike prosessar i modulen, seier Regine Solberg Aklestad, kommunalplanleggar i Volda kommune.

Ho trur felles opplæring også kan bidra til meir erfaringsutveksling mellom kommunane.

– Felles opplæring er nyttig fordi andre kommunar stiller spørsmål som er relevante for oss, sjølv om vi ikkje hadde tenkt på akkurat dei spørsmåla sjølve. Då ser vi litt korleis andre kommunar gjer ting, og det blir kanskje lettare å ta kontakt med dei seinare.

Vindafjord kommune bestemte seg for å kjøpe Planmodulen like før nyttår, også dei har hatt stor nytte av den digitale opplæringa.

– Vi hadde først eit oppstartsmøte for berre vår kommune, saman med fagansvarleg på modulen. I dette møtet gjekk vi igjennom status for vår kommune, noko som var nok spesifikt for oss. Dermed har det fungert veldig bra med både digital og felles opplæring, seier Sandvik.

Kommunale planar er ein ny modul i Framsikt, som blir utvikla i tett samarbeid med ni pilotkommunar. Utviklingsprosjektet varer ut 2021. Fem andre kommunar tok i bruk modulen hausten 2020, og no har elleve nye kommunar kjøpt programvara.

– Vi har valt felles, digital opplæring fordi det er rasjonelt, men også fordi vi meiner det egnar seg godt til nettopp denne typen programvare, fortel fagansvarleg Jo Audun Øverby. Undervegs i opplæringa er det anledning til å stille spørsmål og gjennom det får vi belyst problemstillingar som er aktuelle for fleire. Vi håper også at felles opplæring kan inspirere til å etablere nettverk som både kan handle om bruk av programvara og om meir reint planfaglege spørsmål.

Opplæringa i dagens funksjonalitet er gitt gjennom fire opplæringsøkter, kvar på to timar. Det blir halde ei økt kvar veke. I tillegg får alle nye kundar i 2021 ei særskild opplæring i ny funksjonalitet etter kvar release. Eit nytt innføringsløp startar etter planen allereie i mars.

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Flere nyheter

Kommunal budsjettpraksis

I det daglige arbeidet snakker Framsikt med mange kommuner og vi innhenter mye kvalitativ informasjon om deres...

Klimabudsjettering i Framsikt

Framsikt har utviklet funksjonalitet for å lage klimabudsjett i modulene Analyse og Økonomiplan. Dette arbeidet skjedde i 2019 i tett samarbeid med Bergen kommune. En rekke kommuner benyttet funksjonaliteten til å lage klimabudsjett i Økonomiplanen for 2020-2023. Funksjonaliteten var en første versjon og funksjonaliteten blir nå utviklet i forbindelse med arbeidet med Økonomiplanen for 2021-2024. Det pågår også et svært interessant arbeide blant flere kommuner (med Hamar, Trondheim og Oslo Kommune i spissen) for å lage en veileder for klimabudsjettering i kommunene.

Share This
X