Kommunal planstrategi
21
Planstrategien er starten på den raude tråden i det kommunale plan- og styringssystemet. I denne artikkelen kan du lese meir om kva ein kommunal planstrategi er, kva den bør innehalde og til sist får du også nokre gode råd til arbeidet med planstrategien.
Kvifor kommunal planstrategi?
Kommunal planstrategi kan beskrivast som «ein plan for planlegginga». Kommunane er sett til å løyse samansette samfunnsproblem, og skal etter plan- og bygningsloven.
«… fremme bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjoner».
Kommunane skal utarbeide og vedta ein planstrategi, jamfør plan og bygningsloven (pbl) §10-1.
«Kommunestyret skal minst én gang i hver valgperiode, og senest innen ett år etter konstituering, utarbeide og vedta en kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte en drøfting av kommunens strategiske valg knyttet til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringer, sektorenes virksomhet og en vurdering av kommunens planbehov i valgperioden.»
Planstrategien skal presentere rammeverket for den kommunale planlegginga
Planstrategien må dermed seie noko om:
- Kva planar kommunen må ha
- Forventningar frå nasjonale og regionale styresmakter
- Gjere greie for utfordringane kommunen må planlegge for (kunnskapsgrunnlag og folkehelseoversikt)
- Korleis tilpasse planlegginga ut i frå erfaringar med tidlegare planlegging, ressursar og kapasitet i organisasjonen.
Den skal også ta stilling til om gjeldande kommuneplan skal reviderast delvis eller heilt, eller om den skal vidareførast utan endringar.
Verktøy for styring og prioritering
Gjennom arbeidet med kommunal planstrategi har kommunen fått eit verktøy for politisk prioritering av planoppgåver. Eit viktig føremål er at planstrategien skal bidra til å styrke politisk styring av kommunal planlegging, gjere kommunal planlegging enklare for kommunestyret og legge til rette for realistisk planlegging i planperioden i høve til utfordringane til kommunen (Brobakk, Gjefsen & Gjertsen, 2021).
Planstrategien skal vurdere om kommuneplanen skal reviderast eller ikkje. Men den er også eit egna verktøy for å vurdere plansystem og planressursar, og samla behov knytt til kommunedelplanar og tema- og sektorplanar som vil trekke på kompetanse og ressursar i administrasjonen .
Arbeid med planstrategien skal gje betre og meir systematisk vurdering av planbehov for å møte utfordringane kommunen står ovanfor, både på kort og lang sikt. Det er også ei moglegheit til å skape samanheng og heilskapleg plan- og styringssystem. Å utarbeide eit enkelt og oversiktleg plansystem som tek i vare den raude tråden frå plan til økonomi, virksomheitsstyring og rapportering er viktig ved revidering av planstrategien.
Arbeidet med planstrategien bør også nyttast til å styrke samfunnsdelen som lokalpolitisk styringsverktøy ved å prioritere satsingsområde for komande valperiode.
Plan- og bygningsloven gjev kommunane fleksibilitet til å tilpasse planlegginga til behovet. Kommunane må nytte dette handlingsrommet for å legge til rette for ønska utvikling, samstundes som planlegginga ikkje blir gjort meir omfattande enn nødvendig. Regjeringa forventar at arbeidet med planstrategien blir prioritert for å sikre at planane er oppdaterte, møter behov som følgjer av endringar i samfunnsmessige, demografiske, politiske og naturgjeve forhold (Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027).
Samskaping mellom politikk og administrasjon i strategiske planprosessar
«Korleis kommunen legg opp arbeidet med planstrategien og korleis forslag til kommunal planstrategi vert politisk behandla i formannskap og kommunestyret vil vere avgjerande for koplinga mellom planlegging (kommunal planstrategi) og dei folkevalde.» (Kvalvik, 2020 s.79).
Det er når folkevalde medverkar og er engasjerte i planen og tilfører politiske premiss og føringar. Gjennomføring av ein planprosess kor politikarane ikkje medverkar, vil føre til totalt fråvære av politisk engasjement og ei forankring som er meir administrativ enn politisk.
Felles forståing av utfordringsbiletet
Felles forståing av no-situasjonen og utfordringsbiletet er grunnleggande for å utarbeide ein planstrategi. Dette gjeld felles forståing mellom politikk og administrasjon, og internt i politikken og administrasjonen. I god tid før eit kommuneval må administrasjonen utarbeide eit kunnskapsgrunnlag som viser no-situasjonen og utfordringsbilete for åra som kjem.
Sentrale tema er befolkningsutvikling- og samansetting, levekår, næringsutvikling og sysselsetting, arealutfordringar, miljø og klima og verksemda til sektorane i kommunen. I tillegg er det lovpålagt å utarbeide ei oversikt over folkehelsa, som også er ein del av kunnskapsgrunnlaget til planstrategien, og anna planarbeid.
Det er eit mål om å hindre utvikling av mål og prioriteringar som ikkje er kunnskapsbasert. Derfor må ein i folkevaldopplæringa, og planstrategiprosessen, legge til rette for tverrpolitisk diskusjon om utfordringsbiletet for slik å sørge for realistisk og behovstilpassa planlegging (jamfør Nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging).
Planstrategien – ei gylden moglegheit!
Planlegging omfattar alt frå førebuing til planarbeid, gjennomføring av planprosessen, utarbeiding og vedtak av plan, og ikkje minst gjennomføring av ein plan. Det betyr at ein både må forklare, forstå og forandre situasjonen, og at planlegging dermed blir politikk (Amdam 2022 s. 32).
I praksis har det vist seg vanskeleg å motivere folkevalde til å engasjere seg i strategisk, overordna planarbeid, og Aarsæther & Kvalvik (2018, s.48) stiller eit særs relevant spørsmål.
«Men har ein nyvald representant i kommunestyret føresetnadar for å gjere seg gjeldande i planstrategisk arbeid? Svaret deira er: Ikkje utan vidare».
Politikken må få den plassen den skal ha i strategisk planarbeid. Før nytt kommunestyre er konstituert må administrasjonen designe ein god og realistisk planprosess som legg til rette for god interaksjon mellom politikk og administrasjon, og kor politikken tidleg blir kopla på prosessen.
Det er ei felles oppgåve for politisk og administrativ leiing å sette kommunestyret i stand til å drive strategisk planarbeid. Som ein del av det å etablere god plankultur inngår også opplæring av nye folkevalde.
Det er viktig at administrasjonen har respekt for lokaldemokratiet. Dei fleste kommunestyrerepresentantane er fritidspolitikarar, ikkje fagfolk. Derfor må administrasjonen gje politikarane kunnskap om kommunen og kompetanse til å arbeide med strategisk planarbeid.
Planstrategiarbeidet er ei god moglegheit til å skape engasjement og eigarskap til strategisk planlegging ved å gje nye folkevalde kunnskap om kommunal planlegging, planverk, plansystem og rutinar i kommunen. Gjennomgang av erfaringane med kommunen sine gjeldande overordna planar og temaplanar/kommunedelplanar er ein god plass å starte.
“Plans are nothing; planning is everything» (D. E. Eisenhower)
Planstrategien er starten på den raude tråden i det kommunale plan- og styringssystemet. Den er første steg i «løypa» for å sikre heilskapleg og berekraftig planlegging, og ei moglegheit for politikarane til å legge til rette for realistisk planlegging med utgangspunkt i utfordringsbiletet og ressursane til kommunen.
Det er viktig å legge politiske føringar for planarbeid tidleg i valperioden, men minst like viktig er prosessen som leier fram til vedtak av planstrategien. Både for politikken og administrasjonen. Ein god prosess, basert på kunnskap og prioriteringar vil gjere det enklare for politikken å gjere vedtak og for administrasjonen å gjennomføre. Det handlar om å FNs berekraftmål nummer 17 – Samarbeid for å nå måla!
Nokre gode råd til slutt:
- Prioriter kunnskapsgrunnlag og folkehelseoversikta! Utarbeid eit godt og tydeleg kunnskapsgrunnlag som er tydeleg på utfordringane til kommunen, og skap felles forståing av både no-situasjon og utfordringsbilete!
- Tenk prosess før produkt. Ein god prosess gjev eit godt produkt!
- Ha respekt for lokaldemokratiet, sett politikarane i stand til å arbeide med strategisk planarbeid. Legg til rette for samskaping mellom politikk og administrasjon, kanskje prøve ut nye arbeidsmetodar?
- Bruk prosessen til å utvikle eit heilskapleg plan- og styringssystem som gjev ein raud tråd i kommunal planlegging og styring. Utvikle eige plansystem, rutinar og retningslinjer for planarbeid i organisasjonen og bygge politisk og administrativ plankultur.
- Eit anna viktig aspekt i prosessen er å synleggjere kva planarbeid krev av kompetanse og ressursar -folk, pengar og tid.
- Og til slutt, legg til rette for godt samarbeid, mellom administrasjon og politikk, internt i administrasjonen og med sivilsamfunnet, for å nå måla – FNs berekraftmål 17
Carina Stokke:
Carina er seniorrådgiver i Framsikt jobber med brukerstøtte, kundeprosjekt og rådgivning rundt kommunal planlegging og virksomhetsstyring.
Hun har tidligere jobbet med samfunnsplanlegging og utviklingsprosjekt, både i stat, fylkeskommune og kommune. Hun har hovedfag i samfunnsplanegging og lokalsamfunnsforskning fra UiT Norges arktiske universitet.
Kjelder:
- Amdam, Roar (2022). Samskapt berekraft. Ein modell for samarbeidsdriven planlegging og innovasjon som fremmar institusjonell handlingskapasitet og demokratisk legitimitet. Høgskulen i Volda, rapport nr. 115/2022
- Aarsæther, N. og Kvalvik, K.J. (2018). Planlegging på kommunenivå: Rammer og ambisjonar. I Aarsæther, N., Falleth, E., Nyseth, T. og Kristiansen, R. (red.) (2018). Plan og samfunn. System, praksis, teori. Cappelen Damm Akademisk
- Brobakk, J., Gjefsen, M.D. og Gjertsen, A. (2021). Distriktskommune 3.0. Bedre samfunnsutvikling gjennom forenkling av kommuneplanleggingen i de minste kommunene. Ruralis. Rapport 10/2021.
- Kvalvik, K.J. (2020). Planlegging og politikk: Når ikkje alt går etter planen». Dei folkevalde sitt møte med kommunal planstrategi – §10.1 i plan- og bygningslova (pbl., 2008). Avhandling levert for graden philosophia doctor UIT.
- Plan- og bygningsloven
- Nasjonale forventinger til regional og kommunal planlegging 2023-2027
- Veileder Kommunal planstrategi, Miljøverndepartementet 2011
- Stokke, Carina (2023). Plannotat Samplan, upublisert notat.
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Flere nyheter
Dette kjennetegner de kommunene som er best på helhetlig virksomhetsstyring
I denne artikkelen kan du lese hva som kjennetegner de kommunene som er rangert som de ti beste på «helhetlig virksomhetsstyring». Hva gjør det bra og hva kan andre kommuner lære av deres tilnærming til virksomhetsstyring?
Dette er Norges topp 10 kommuner innen helhetlig virksomhetsstyring
En drøy måned før årets Framsiktkonferanse begynner brikkene å falle på plass for å utrope de tre beste og den ene, som vi oppfatter som landets beste kommune på det vi benevner som «helhetlig virksomhetsstyring».
Hvem har Norges beste handlings- og økonomiplan?
Fagprisen for beste handlings- og økonomiplan deles ut under Framsiktkonferansen. Dette er en pris som ser på det økonomiske handlingsrommet, hvordan overordnede planer følges opp og om handlings- og økonomiplanen vurderes som et godt styringsverktøy for de folkevalgte.