Korleis kjem de i gang med Planmodulen i Framsikt?
31
mai, 2024
Skrevet av Carina Stokke, seniorrådgiver
Vi har god erfaring med å innføre Framsikt Planmodul i over 160 små og store kommunar og fylkeskommunar. Her kan du lese om korleis innføring av modulen Planer foregår i ein kommune.
Når de ønskjer å kome i gang med Framsikt planmodul startar vi med eit kort oppstartsmøte på Teams. Kvar nye plankunde får tildelt ein eigen kontaktperson som vil følgje dykk gjennom heile innføringsløpet.
Under kan du lese korleis vi går fram når vi innfører Framsikt planmodul i kommunar og fylkeskommunar.
Oppstart
Sentralt for suksessfull innføring av planmodulen er ei tett kopling mellom plan og økonomi. Derfor ber vi om at sentrale personar innan plan og økonomi deltek i oppstartsmøtet.
I oppstartsmøtet går vi gjennom den raude tråden i Framsikt, og planmodulen sin plass i løysinga. Kommuneplanens samfunnsdel skal ligge til grunn for all kommunal planlegging og drift, og planmodulen vil derfor vere særs viktig for det heilskapleg plan- og styringsystemet i ein kommune eller fylkeskommune.
Plansystem
Eit anna tema er kort om kva for funksjonalitet planmodulen har og korleis kommunen kan bruke den til å vidareutvikle- og bygge plansystem og plankultur.
Vi snakkar også om plansystem og målstruktur, utfordrar kommunane i starten av innføringa til å tenke rundt eige plansystem og moglege endringar der. Innføring av planmodulen er på mange måtar ein organisasjonsutviklingsprosess. Korleis skal vi jobbe med plan? Kva for planar skal vi ha? Kva slags målhierarki skal vi ha?
I tillegg går vi gjennom det praktiske rundt tilgangar til modulen og innlogging.
Og ikkje minst, vi blir kjent med kvarandre!
Opplæring
Før oppstartsmøtet har vi sørga for at de er sett opp med modulen i Framsikt og at alt er klart til å begynne å jobbe i planmodulen.
Som ny brukar av planmodulen får de ei grunnopplæring. Den består av 4 økter i løpet av eit par veker, kvar av dei på to timar. Her får de mellom anna nærare innføring i planmodulen og den raude tråden i mål- og planhierarki, utarbeiding av malar for ulike planar og planstrategi og korleis utarbeide ein plan, og publisere den. De får opplæring i korleis kople saman planar og kobling av planar til økonomi- og virksomhetsplan.
Innhaldet i dei fire opplæringsøktene er innretta både mot superbrukarar, planleggarar og tilsette ved økonomi og kommunikasjon. Skal kommunen få best mogleg nytte av opplæringa er det viktig at alle desse deltek i opplæringa.
All opplæring blir tatt opp og gjort tilgjengeleg i vårt hjelpesenter, så de kan ta det igjen seinare. I tillegg tilbyr Framsikt ulike webinar og kurs gjennom året som kan vere nyttige for kommunane eller fylkeskommunane.
Oppfølging
Planmodulen legg føringar for resten av løysinga, og vi vil gjerne at kommunane eller fylkeskommunane skal kome rett ut frå hoppkanten.
Det er gjerne i etterkant av opplæringa at spørsmål og utfordringar dukkar opp. I denne fasen svarar vi ut praktiske spørsmål, deler beste praksis frå andre kommunar og bidreg gjerne i planfaglege diskusjonar i kommunane
På eigne bein
I løysinga finn de også eit hjelpesenter med hurtigguidar, artiklar, opptak av webinar og andre opplæringsvideoar som de kan nytte til intern opplæring av leiarar og nytilsette.
Hjelpefunksjonen er dynamisk og tek utgangspunkt i arbeidsprosessane i det skjermbiletet brukaren er i. Brukarane får då «on-line-hjelp» via hjelpetekstar i løysinga.
De har sjølvsagt også direkte tilgang til vår kundesupport som vi får gode tilbakemeldingar på. Den er tilgjengeleg både på telefon og e-post. Les meir om vår support her.
Vi er oppteke av at våre kundar får god nytte av Framsikt. Etter at de har innført planmodulen, og eventuelt andre modular, tilbyr vi derfor tenesteabonnement, tilpassa behova til kvar kommune. Då kan de halde fram med same prosjektleiar om de ønskjer det. Les meir om tenesteabonnement her.
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Få siste nytt fra Framsiktbloggen rett i innboksen!
Les mer fra Framsiktbloggen
Aktiv eierstyring: Slik forenkles arbeidet med kommunale eierskapsmeldinger
Kommuner og fylkeskommuner eier og styrer store verdier gjennom selskaper, IKS-er og stiftelser. For å sikre at disse selskapene drives i tråd med fellesskapets interesser, er god eierstyring helt avgjørende. Det sentrale verktøyet i dette arbeidet er eierskapsmeldingen.
God styringspraksis: Slik tetter Framsikt gapet mellom tildelingsbrev og årsrapport
Et nytt notat fra Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) tegner et tydelig bilde av hverdagen i statlig sektor: Det er en positiv utvikling på flere områder. Likevel peker DFØ utfordringer som går igjen over tid: Det mangler ofte god nok informasjon om ressursene brukes effektivt og om tiltakene faktisk virker etter hensikten.
Hva er god virksomhetsstyring? 5 suksesskriterier
Virksomhetsstyring handler om mer enn bare kontroll. Det handler om å skape sammenheng mellom politiske vedtak, økonomiske rammer og de faktiske resultatene i tjenestene. Men hva skiller de som lykkes fra de som drukner i Excel og manuelle prosesser? Her er fem kriterier som sikrer god styring.